Smala tider

Mel. Prøsens –Teddybjørnens vise

No har vi fått litt middag og fått renska våre fat,
og jammen må eg seia det var merkjeleg god mat!
For lenge skal du leita etter liknande profil,
for hovudretten møtte oss med einast stort eit smil!
Og hovud er vel noko med det beste me har fått,
og dertil er det ekstra bra det smakar også godt?
So takk so mykje alle saman for ei stund so god,
på Geosupen sitja ned i herleg fred og ro!

Ein villsau har sitt eige liv og ikkje langt det er,
men jammen er han sprek som over fjell og fjøre fer!
Han veit nok lite kva som ventar, blikket hans er tamt,
-men det gjer ikkje noko, han som villmannslivet fann.
Han lever etter lover han aldri heilt forstod,
men nyttar dei til fulle når han gjev sitt alt for ho,
som me her no fekk smaka og som enda på eit fat,
og gav oss av det beste me kan fremja som rein mat.

Men veren gjekk seg trøytt og sa no må me nok bli fleir’,
for no har eg gjort mitt og såleis veit eg ikkje meir!
Og Bjerknesgjengen enda her med fulle dagars mål,
og livet enda snart i ein litt overvektig skål!
For no har villsautida fått so mange nye kår,
og det er ikkje berre leva ut som sau og får,
når søyene tek plass og veren ltt til sides sett,
vert livet kanskje rikare, ja smakfullt rett og slett!

So takk til veren og til han som sette han i stand,
å fylla opp tallerken her som Geosupen kan!
Desserten kjende veren ikkje då so mykje til,
og det er bra for då vart han so mykje meire vill.
Men slapp no av, den kjem nok snart, når søyene tek sprang,
og nyttar Corioliskraft med hopp og sprett og sang;
Det var eit fjell, av is på hell, med Ekmann sin spiral,
og ingen må vel sei at han var eigentleg litt gal.

Og snart er tida mogen for å tenkja på seg sjøl’,
det er so lett å gløyma at me flyte på ei fjøl,
for smalahove har gjort sitt, og kjertlar likeså,
i pausen vert det kø så berre ta til døra då.
For smalahove har so mange sider, rett og slett,
og sjølv om skinn og bein er godt, so vankar det litt feitt;
Og det er bra i smale tider som me røyna må;
so takk for meg og alle saman som på døra må.

Lat ikkje tradisjonen renna ut i berre sand,
men leva med ei samla tru på at det går vel an,
å læra nye geosupar at me får det til,
at draumen om eit hove kan bli fremja med eit smil.
For ikkje veit nok smalen om at dette er ein smak,
som ikkje går av dato men er verkjeleg ei sak,
som let oss finna saman som på Geofysen her,
me takkar for ei festleg stund, som søye og som ver.

Ha ein fin kveld—minnast veren…
Vidar Grindheim, 2015