Smalahovudhyllest frå ein bleikfis

Mel: Og mannen han gjekk seg i veaskog

Og sauen han gjekk seg i fjell og ur,
hei fara, i fjell og ur,
og hadde ein dualeg feitekur.
Hei fara, faltu riltu raltu ra.

På setra han åt og kosa seg,
hei fara, han kosa seg,
no ligg han på fatet og glor på meg.
Hei fara, faltu riltu raltu ra.

Frå bjønn og gaupe og ulv og rev,
hei fara, frå ulv og rev,
han gøymde seg, sauen med mykje strev.
Hei fara, faltu riltu raltu ra.

Og bonden han brakk så tidt eit bein,
hei fara, han brakk eit bein,
så sauen frå bergsida trygt kom heim.
Hei fara, faltu riltu raltu ra.

Kvart kilo er sponsa med hundre og sju,
hei fara, med hundre og sjju,
det er meir en kiloet kostar du.
Hei fara, faltu riltu raltu ra.

Før åt dei alt for å sleppa naud,
hei fara å sleppa naud,
idag treng me slett ikkje eta haud.
Hei fara, faltu riltu raltu ra.

-Men somme dei seier dei likar det!
Hei fara, dei likar det,
me andre slit hardt med å få det ned.
Hei fara faltu riltu raltu ra.

Fysst vippar du auga og grev med skjei,
hei fara, du grev med skjei,
den muskelen er ikkje galen, nei.
Hei fara, faltu riltu raltu ra.

Og då er det berre å hogga inn,
hei fara, ja hogg no inn,
men èt ikkje ruglete saueskinn!
Hei fara, faltu riltu raltu ra.

Dei barskaste eter opp alt dei kan,
hei fara, det meste dei kan,
men eg sparar noko til søppelspann.
Hei fara, faltu riltu raltu ra.

Når kjeven er blotta kjem tennene fram,
hei fara, kjem tennene fram,
og bleiknar og skjenkar ein vaksen dram.
Hei fara, faltu riltu raltu ra.

Med nok akevitt så glir maten ned,
hei fara, no glir han ned,
den kjakan var herleg det lovar eg!
Hei fara, faltu riltu raltu ra.

På smalasupar i fleire år,
hei fara i for mange år,
me herdast til eting av hud og hår.
Hei fara, faltu riltu raltu ra.

♦♦♦