Brygging av Dunkelweizen

Som del av julestria på Geofysen skal det sjølvsagt bryggast øl. I gamle dager var det påbudt etter Gulatingslova å brygga øl før jul, og me tar ingen sjansar der sjølv om lova kanskje har blitt erstatta av nye lovar.

Etter det store oppmøtet ved forrige brygging var nå dei fleste falt fra, og tilbake stod to veteranar. Likefult fekk me meska, skylt og kokt etter alle kunstens regler. Nå står 25L mørkt kveiteøl til gjæring. Måtte Omikron vike til fordel for den tradisjonsrike nyttårsfesten på Geofysen!

Frå Gulatingslova:

”Enno ei ølgjerd har me lov å gjera, husbond og husfru like mykje malt kvar, etter vekt, og signe det jolenatti til takk frå Krist og Sankta Maria, til godt år og fred. Um so ikkje vert gjort, skal det bøtast tre merker til biskopen. Men um nokon sit soleis tre vintrar at han ikkje gjer ølgjerdene eller greider dei bøtene som me har lagt på for kristendomen vår, og han vert sannskyldig i det, då har han forbrote kvar penning av godset sitt. Det eig kongen vår halvt, men halvt biskopen. Um han ikkje vil det skal han fara ut or riket åt kongen vår”

Pouring Dunkelweissen