Da æ atombombo

Mel.: Urmagern i Tvedestrand

D’æ fælt i sommar kor da ha rigna
da ha vå nebår båd’ natt og dag.
Mæ væta vatt me no so velsigna,
da ha vå regn tao adle slag.
Da ha vå byå, da ha vå bråså,
i byttevis ha da komme ne.
Da æ atombombo so ha skoldæ,
da mao ve ho so ha stelt da te.

Da ha vå strævsamt mæ detta høye,
ja, da va bale å fao da torrt.
Mæ eit endelæ kav å møye
kvart straoe hæsja, da ha me gjort.
Men naor so hæsna va mestå torra,
so kom da vind dao, og blæs dei ne.
Da æ atombombo so ha skoldæ,
da mao væ ho so ha stelt da te.

So va da oppattå sama bale,
da va å hengja da opp i hæs.
Ha aldri opplivt nokkå so gale,
da stondo rigna, å stondo blæs.
Høye vatt no so stykt å rotå,
me tru kje beistæ kan fao slikt ne.
Da æ atombombo so ha skoldæ,
da mao ve ho so ha stelt da te.

Mæ tenarhjelp æ da helstå lite,
å dyre æ dei so ein kan fao.
Me vetta klaore tao detta slite
og te å leiga me ha kje rao.
For både lønå og allting stigå,
da ska berre oppette, å ikkje ne.
D æ atombombo so ha skulæ,
da mao væ ho so ha stelt da te.

So no faor gardstædle berre slengja,
naor me fao nokk te vaor eijen monn.
For naor me fao da me sjølve trengja,
ja, dao æ da no nokk i grunn.
Da vettå verrå fy pengafolkje
so ska svelja pengane sine ne.
Da æ atombombo so ha skoldæ,
da mao væ ho so ha stelt da te.

Ut’i verne dei drivå krangla
ska prøva skapa ein evig fre.
Men inkarslags mao da væ dei mangla
for dei fao da slett ikkje te.
Da æ so undarlæ mæ dei store,
da mao væ krigast dei helstå ve.
Da æ atombombo so ha skoldæ,
da mao væ ho so ha stelt da te.

Men her i lande me æ no tryggje
for da me ha no so godå hær.
Og pao forsvare dei jamlæ byggje,
so æra være kvar militær.
Dei æ ei tryggheit fy heila lande.
Her faor dei krigast, viss nokkon ve.
Her kan atombombo berre komma,
her ska ho pinadeg treffa te.

Eg har ei dottur so heite Mar’n,
ho æ so fin so da æ eit syn.
Ho va for fin te å væ pao gar’n
og dafy laut ho no fao te byn.
Og inni byd’n æ militæra
so vilja live fy folkje gje.
Da æ atombombo so ha skoldæ,
da mao væ ho so ha stelt da te.

Ja, militærane verja lande,
båd’ seint og tidleg dei stao pao vakt.
Ho Mar’n ha prøvt da litegrande,
ho ha kjent dan militære makt.
Og detta virka slik pao ho Mar’n,
ho fekk ein lit’n eg æ goffar te.
Da æ atombombo so ha skoldæ,
da mao væ ho so ha stelt da te.

♦♦♦